Norwegian translation of the WAI QuickTips
RÅD OM KORLEIS DU KAN LAGA TILGJENGELEGE NETTSTADAR
Fullstendige retningslinjer & sjekkliste: www.w3.org/WAI
-
Bilde og animasjonar. Bruk
alt-attributtet til å beskriva funksjonen til kvart
grafikkelement.
-
Bildekart. Bruk klientbaserte bildekart
(MAP-elementet) og alternativ tekst
for klikkbare område.
-
Multimedia. Inkluder undertekstar og avskrift av
lyd, og beskriving av film.
-
Lenkjer. Brukt lenkjetekstar som kan bli
forstått når dei blir lest ut av samanhengen. Du bør
f.eks. unngå «klikk her».
-
Sideoppsett. Bruk overskrifter, lister og
systematisk struktur. Bruk CSS for grafisk
utforming der det er muleg.
-
Diagram. Oppsummer eller bruk longdesc-attributtet.
-
Skript, applettar og innpluggingsmodular.
Inkluder alternativt innhald i tilfelle dei dynamiske
funksjonane ikkje er tilgjengelege eller ikkje er støtta.
-
Rammer. Bruk
NOFRAMES-elementet og passande rammetitlar.
-
Tabellar. Sørg for at tabellar er leselege rad for
rad. Oppsummer.
-
Kontroller arbeidet ditt. Valider. Bruk
verktøy, sjekklister og retningslinjer på www.w3.org/TR/WCAG.