§ 1. (Skiping av kommunale eldreråd)
I kvar kommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av kommunestyret for valperioden.
Departementet kan gjere unnantak frå regelen i første leden når kommunen vil ha eldreråd for geografisk avgrensa område innan kommunen. I kommunar der oppgåvene som gjeld eldre er overført til bydelsutval, skal det vere eldreråd i alle bydelar. For slike eldreråd ivaretek bydelsutvala dei rettar og plikter som etter denne lov er lagt til kommunestyret. Eldreråd for geografisk avgrensa område skal ha same arbeidsområde som omhandla i § 3. I slike høve skal det og veljast eit sentralt eldreråd.
§ 2. (Val og samansetning av kommunale eldreråd)
Kommunestyret avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane om høvetalsval i §§ 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.
Pensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vere alderspensjonistar i kommunen.
Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.
§ 3. (Oppgåvane for kommunale eldreråd)
Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.
Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar sakene.
Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.
§ 4. (Andre føresegner for kommunale eldreråd)
Kommunen skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.
Eldrerådet har rett til å uttale seg før kommunestyret skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.
Reglane i kommunestyrelova om kommunale nemnder gjeld tilsvarande for verksemda i eldrerådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.
Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret.
Kapittel II. Fylkeskommunale eldreråd
§ 5. (Skiping av fylkeskommunale eldreråd)
I kvar fylkeskommune skal det vere eit eldreråd som skal veljast av fylkestinget for valperioden.
§ 6. (Val og samansetjing av fylkeskommunale eldreråd)
Fylkestinget avgjer kor mange medlemmer eldrerådet skal ha. Reglane om høvetalsval i §6, 36 og 37 i lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 gjeld ikkje ved val av eldreråd.
Fylkespensjonistforeiningar har rett til å koma med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemmene skal vera alderspensjonistar frå fylket.
Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast ut mellom pensjonistane.
§ 7. (Oppgåvene for fylkeskommunale eldreråd)
Eldrerådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen.
Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før fylkestinget handsamar sakene.
Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre.
Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket.
Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei fylkeskommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.
§ 8. (Andre føresegner for fylkeskommunale eldreråd)
Fylket skal skipa høveleg sekretariathjelp for rådet.
Eldrerådet har rett til å uttale seg før fylkestinget skipar sekretariat, vedtek budsjett for rådet, og gjev utfyllande reglar for saksførehavinga i rådet.
Reglane i fylkeskommunelova om fylkeskommunale nemnder gjeld tilsvarende for verksemda i rådet så langt ikkje anna går fram av denne lova.
Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for fylkestinget.
§ 9. (Ikraftsetjing)
Denne lova tek til å gjelde frå 1. januar 1992.