1989-06-09 #32

Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument

Ot.prp. nr. 52, Innst. O. nr. 67 og Besl. O. nr. 84 (1988-89). Vedtak i Odelstinget 20. mai og Lagtinget 25. mai 1989. Fremja av Kultur- og vitskapsdepartementet.

§ 1. Føremål

Føremålet med denne lova er å tryggja avleveringa av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

§ 2. Geografisk verkeområde

Kongen kan fastsetja at lova og skal gjelda for Svalbard og den norske delen av kontinentalsokkelen.

§ 3. Definisjonar

I denne lova vert desse omgrepa nytta slik:

Eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta når eksemplar av dokumentet vert bode fram for sal, utleige eller utlån, eller når dokumentet på annan måte vert spreidd utanfor ein privat krins, informasjonen i dokumentet vert gjord tilgjengeleg utanfor ein privat krins gjennom framføring, framsyning, kringkasting, direktekopling e.l.

§ 4. Kva som skal avleverast

Dokument som er gjort tilgjengeleg for allmenta skal avleverast slik:

Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner om kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet.

§ 5. Kven som skal avlevera m.m.

Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar, produsent og importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta, og dessutan den som i kraft av lov eller konsesjon har rett til å driva kringkasting.

Dokument skal avleverast utan vederlag. Når avleveringseksemplara representerer ein svært stor kostnad for den avleveringspliktige, kan mottaksinstitusjonen etter søknad gje heil eller delvis refusjon for produksjonskostnadene.

Sending av dokument til mottaksinstitusjonen skal kostast av den avleveringspliktige. Kongen fastset nærare reglar om kven som har avleveringsplikt, kvar avleveringspliktig dokument skal sendast, tidspunktet for innsending og korleis sendinga skal skje.

§ 6. Når den avleveringspliktige ikkje er handlefør

Ved konkurs eller død skal buet oppfylla avleveringsplikta.

§ 7. Inndrege dokument

Kongen kan påleggja påtalemakta å syta for avleveringa, dersom avleveringspliktig dokument vert inndrege.

§ 8. Tvangsfullføring

Avleveringskrav etter føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova er tvangsgrunnlag.

§ 9. Straff

Den som med vilje eller aktlaust handlar i strid med føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova, kan straffast med bøter.

§ 10. Ikraftsetjing

Kongen fastset når denne lova skal ta til å gjelda. Frå same tidspunktet vert Lov av 9. juni 1939 nr. 2 om avleveringsplikt av trykksaker til offentlige biblioteker oppheva.


Tilrettelagt elektronisk av svein.arne.brygfjeld@nbr.no og Jens Vigen (VIGEN@cernvm.cern.ch). Konvertert til HTML av howcome. Denne lovteksten er gjort tilgjengelig på dugnadsbasis og vi tar intet ansvar for mulige feil. Dersom du trenger garantier om feilfrihet og oppdateringer kan Lovdata anbefales.