1982-12-17 #82

Lov om mellombels tillegg til lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I.

Kommunestyret kan gjere vedtak om auke av det verdet (taksten) som eigedomen vart sett i ved den siste ålmenne verdsetjinga for utskriving av eigedomsskatt. Kommunestyret kan dessutan gjere vedtak om at det skal gjerast eit tilsvarande tillegg for dei eigedomane som er verdsette særskilt før eit tidspunkt som kommunestyret fastset. Auken kan slije stegvis over fleire år, men må ikkje vere meir enn 10 prosent av det opphavelege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste ålmenne verdsetjinga, likevel slik at skatteåret 1983 vert rekna som første året for slikt tillegg.

II.

Reglane under I gjeld frå og med skatteåret 1985 og så lenge § 8 i lov om eigedomsskatt til kommunane ikkje er sett i kraft.


Skannet inn og korrekturlest av jonny.birkelund@stv.uio.no. Konvertert til HTML av howcome. Denne lovteksten er gjort tilgjengelig på dugnadsbasis og vi tar intet ansvar for mulige feil. Dersom du trenger garantier om feilfrihet og oppdateringer kan Lovdata anbefales.