Jfr. lov 13 juni 1969 nr. 24 § 14. - Jfr. tidligere lov 6 mars 1970 nr. 4.
Kap. 1. Føremålet med og verkeområdet for lova
§ 1. Føremålet med lova.
Føremålet med denne lova er å medverka til å sikra at det kan skipast og drivast private skular.
§ 2. Verkeområdet.
Lova gjeld offentlege tilskot til private skular og vilkår for å få slike tilskot. Lova gjeld grunnskular og skular som gjev vidaregåande opplæring.
Unnatekne frå denne lova er skular som:
a. Kjem inn under lov 8. juni 1984 om folkehøgskolar, lov 12. november 1948 om brevskular,
eller
b. vert drivne av politiske grupper eller parti på partipolitisk grunnlag.
Kap. 2. Vilkår for godkjenning
§ 3. Skulen sitt føremål.
For å bli godkjend med rett til tilskot etter denne lova må skulen anten vera:
a. Skipa av religiøse og/eller etiske grunnar,
b. eller skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ,
c. eller skipa for undervisning av norske born/norsk ungdom i utlandet,
d. eller skipa for å fylla eit kvantitativt undervisningsbehov,
e. eller å ha til føremål å gje vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skular.
§ 4. Faglege krav m.v.
Skulen må driva verksemda si:
a. Anten i samsvar med den godkjenning som er gjeven i medhald av lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 14 eller lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring § 39,
b. eller etter undervisningsplanar godkjende av departementet. Det må framgå av undervisningsplanen kva slag vurderingsformer og vitnemål skulen skal nytta.
Elles har skulen sin undervisningsfridom.
Etter avgjerd av departementet kan det for forsøksføremål gjerast tidsavgrensa avvik frå godkjende planar og frå reglane i lova.
§ 5. Undervisningsrom og utstyr m.v.
Undervisningsrom og utstyr m.v. skal godkjennast av statens utdanningskontor.
Skuleanlegg og inventar skal så langt råd er vera tilpassa for funksjonshemma sine behov.
§ 6. Helsetilsyn.
Om helsetilsyn med elevar i skular som tek imot tilskot etter denne lova, gjeld dei reglane som vert gjevne i medhald av lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene § 1-3 femte lekken.
§ 7. Inntak av elevar.
1. Skulane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skular. Dette gjeld og norske skular i utlandet.
Elevane må fritt kunne velja arbeidsstad/skule når skulegangen er avslutta, med mindre lærekontrakt er underskriven.
Departementet kan dispensera frå reglane i første lekken.
2. Styret fastset inntaksreglement for skulen innanfor den avgrensinga som følgjer av nr. 1.
Skuleleiaren avgje i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn ved byrjinga av skuleåret. Melding om inntak av elevar i private grunnskular vert send til eleven sin heimkommune. Melding om inntak i vidaregåande skular med parallellar i det offentlege skuleverket vert send til eleven sitt heimfylke, i andre vidaregåande skular til departementet.
3. Ved vedtak som gjeld inntak av elevar, gjeld reglane i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker kap. V-VI. Departementet er klagesinstans.
§ 8. Om skulegangen.
Ein elev som har fått plass ved ein skule, har rett til å fullføra skuleåret eller vedkomande kurs. Dette gjeld eit-årige eller to-årige kurs, stuttare kurs eller deltidskurs, med mindre eleven kan visast bort, jf. § 12.
Om oppflytting til neste klasse/kurs gjeld same reglane som ved tilsvarande offentlege skular. For skular som ikkje har parallellar i det offentlege skuleverket, gjeld reglar som er fastsette i skulen sitt reglement.
§ 9. Spesialundervisning, pedagogisk-psykologisk teneste, sosialpedagogiske tiltak m.v.
Elevane har rett til å nytta den offentlege pedagogisk-psykologiske tenesta og andre sosialpedagogiske tilbod som vert gjevne ved tilsvarande offentlege skular.
Elevar som etter sakkyndig vurdering har trong for spesialpedagogisk hjelp og støtte, skal få spesialundervisning. Skulane får tilskot til slik undervisning etter dei reglane og innanfor dei rammene som er fastsette for den offentlege grunnskulen og den offentlege vidaregåande skulen.
Departementet gjev føresegner om gjennomføring av reglane i første og andre lekken.
§ 10. Skyss
Elevar ved private grunnskular og vidaregåande skular som må nytta dagleg skyss til skulen, får skyss eller tilskot til skyss etter dei reglane som gjeld for tilsvarande offentlege skular.
Funksjonshemma elevar får om nødvendig skyss utan omsyn til veglengda.
Departementet gjev føresegner om utrekning av skyssfråstand og utgiftsgrunnlag m.v.
§ 11. Om arbeidsmiljøer og elevane sine rettar og plikter.
Det skal leggjast vinn på å skapa eit godt arbeidsmiljø for og gode samarbeidsformer mellom alle som er knytte til skulen som elevar, lærarar eller anna personale. Kvar skule skal ha eit reglement som skal innehalda reglar om elevane sine rettar og plikter. Reglementet skal m.a. innehalda reglar om elevframferd, kva tiltak skulen kan nytta i høve til elevar som bryt reglane og framgangsmåten ved handsaming av slike saker.
§ 12. Bortvising av elevar.
Reglar om bortvisning ifylgje lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 16 og lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring § 16 gjeld for elevar ved tilsvarande private skular. Elevar ved andre private skular kan bortvisast etter reglar som er fastsette i skulen sitt reglement.
Ved vedtak om bortvising gjeld reglane i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker kap. IV-VI. Departementet er klageinstans.
Kap. 4. Undervisningspersonale
§ 13. Undervisningsstillingar m.v.
Skulen skal ha ein leiar (rektor, skulestyrar) som har den daglege leiinga av skulen, pedagogisk og administrativt. Leiaren pliktar å sjå til at gjeldande reglar i lov, reglement og instruks vert fylgde.
Departementet kan gje samtykke til ei anna ordning når det gjeld leiinga av skulen.
Styret avgjer kva andre stillingar som skal vera ved skulen og kva oppgåver desse skal ha.
§ 14. Krav til utdanning.
For undervisningspersonalet ved skular som er godkjende i medhald av lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 14 eller lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring § 39, gjeld dei utdanningskrav som fylgjer av lov 8. juni 1973 nr. 49 om lærerutdanning. Det same gjeld for undervisningspersonalet ved skular som har fått sine undervisningsplanar godkjende etter § 4 første lekken bokstav b i denne lova, når dei er skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ, jf. § 3 bokstav b.
For undervisningspersonalet ved andre private skular fastset styret krav til utdanning, dersom departementet i det einskilde tilfelle ikkje fastset noko anna.
§ 15. Tilsetying.
Styret tilset leiaren av skulen og undervisningspersonalet.
Styret kan overlata til skuleleiaren å tilsetja vikarar for ein del av eit skuleår.
§ 16. Løns- og arbeidsvilkår.
Ved skular som er godkjende i medhald av lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 14 eller lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring § 39, og ved skular som er godkjende som fagleg-pedagogiske alternativ til desse, skal undervisningspersonalet og skuleleiarar ha rett til løns- og arbeidsvilkår som undervisningspersonale og skuleleiarar ved tilsvarande offentlege skular.
Ved dei andre skulane fastset styret tilsvarande vilkår.
Kap. 5. Styrings- og rådsorgan
§ 17. Styret.
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skule ha eit styre, valt av eigaren, som fastset kor mange medlemer og varemedlemer styret skal ha. Med samtykke frå departementet kan to eller fleire skular ha sams styre. Rett til å vera tilstades på møter i styret, til å seia meininga si og få denne tilført protokollen har:
a. Ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskule, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det geld ein skule som fylkeskommunen yter tilskot til,
ein representant oppnemnd av departementet når det gjeld ein skule som staten åleine yter tilskot til.
b. ein representant for elevrådet ved skular som har slikt råd,
c. ein representant frå foreldrerådet ved skular som har slikt råd,
d. ein representant for lærarane ved skulen,
e. ein representant for andre tilsette ved skulen,
f. skuleleiaren.
Ved handsaminga av saker som der teiingsplikta gjeld, kan styret avgjera at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vera myndige, må forlata møtet. Departementet kan i spesielle tillfelle gje dispensasjon frå reglane under punkta a-f.
§ 18. Styret sine oppgåver.
1. Styret har den øvste leiinga av skulen og skal sjå til at skulen vert driven i samsvar med gjeldane lover og forskrifter.
2. Styret vedtek skulen sitt budsjett og har ansvaret for rekneskapen.
3. Styret fastset reglement og instruksar for skulen, og eventuelt for internat knytt til skulen.
4. I andre saker enn dei som fylgjer av nr. 1-3 kan styret delegera avgjerdsrett til skuleleiaren.
Når det gjeld tilsetjingsrett kan denne likevel ikkje delegerast utover det som fylgjer av § 15, andre lekken.
§ 19. Elevråd.
Alle vidaregåande skular skal ha eit elevråd på minst 5 medlemer med varemedlemer. Ved grunnskular skal det vera elevråd ved skular for ungdomssteget, og det kan vera elevråd ved skular for barnesteget når tilhøva ligg til rette for det.
§ 20. Foreldreråd.
Ved kvar grunnskule skal det vera foreldreråd.
§ 21. (Opphevet ved lov 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
§ 22. Samarbeidsutval.
Ved kvar grunnskule skal det vera eit samarbeidsutval der det skal vera to representantar for lærarane, ein representant for andre tilsette, to representantar frå elevrådet ved skular som har slikt råd, to representantar frå foreldrerådet, ein representant vald av styret for skulen, og skuleleiaren.
Samarbeidsutvalet vel sjølv formann og varaformann for eitt år om gongen. Elevrådsrepresentantane med varamedlemer og foreldrerådsrepresentantane med varamedlemer vert valde for eitt år, dei andre for to skuleår om gongen.
§ 23. Skuleutval.
Ved kvar vidaregåande skule skal det vera eit skuleutval med 7 medlemmer. Dette skal setjast saman slik: 2 representantar for lærarane, 2 representantar valde av elevrådet, 1 representant vald av andre tilsette ved skulen, 1 representant vald av styret for skulen, og skuleleiaren.
Skuleutvalet vel formann og varaformann for eitt år om gongen. Elevrådsrepresentantane med varamedlemer vert valde for eitt år, dei andre for to skuleår om gongen.
§ 23 b. Dispensasjonsregel.
Departementet kan, når særlege grunnar tilseier det, gje dispensasjon frå kravet om elevråd (§ 19), foreldreråd ( § 20), samarbeidsutval (§ 22) og skuleutval (§ 23).
§ 24. (Opphevd ved lov 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
Kap. 6. Godkjenning og tilskot.
§ 25. Godkjenning.
1. Ein privat skule som kjem inn under denne lova, jfr. § 2, kan etter søknad gjevast offentleg godkjenning med rett til tilskot.
2. Vertskommunen og statens utdanningskontor i fylket skal gje fråsegn når det gjeld ein grunn skule. Vertsfylket skal gje fråsegn når det gjeld ein vidaregåande skule.
3. Vedkomande departement avgjer i kvart einskilde tilfelle om skulen tilfredstiller krava etter denne lova, og om skulen etter ei samla vurdering skal godkjennast med rett til tilskot.
4. Departementet skal dra godkjenninga attende dersom vilkår i denne lova ikkje vert fylte innan den frist som departementet set.
5. Departementet gjev kvart år melding til Stortinget om godkjenning av skular.
6. Ein skule som søkjer om offentleg godkjenning med rett til tilskot, eller vedkomande kommune eller fylkeskommune kan klage departementet si avgjerd etter denne paragraf inn for Kongen.
§ 26. Offentleg tilskot.
Private skular som er godkjende ifylgje § 25, får etter søknad offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen. Skular som kjem inn under tilskotsreglane 3-6, kan i særlege tilfelle etter søknad få statstilskot til andre utgifter enn dei som er nemnde under vedkomande tilskotsregel.
Tilskotsregel nr. 1:
Grunnskular for funksjonshemma.
a. Alle utgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, vert dekka ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsatsen pr. elev pr. skuleår lagd til grunn.
b. Andre driftsutgifter vert dekka ved tilskot frå den kommunen og fylkeskommunen der eleven har heimen sin, jf. § 37 nr. 3 og nr. 5 i lov om grunnskolen.
c. Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.
d. Utgifter til elevreiser vert dekka etter gjeldande reglar i lov om grunnskulen.
Tilskotsregel nr. 2:
Vidaregåande skular for funksjonshemma.
a. Alle driftsutgifter vert dekka ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsats pr. elev pr. skuleår lagd til grunn.
b. Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.
c. Utgifter til elevreiser vert dekka etter reglane i § 13 i lov om vidaregåande opplæring.
Tilskotsregel nr. 3:
Vidaregåande skular som vanlegvis har sine parallellar i tilsvarande statlege skular. 85 pst. av dei driftsutgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekka ved statstilskot. Så langt råd vert dette rekna etter ein normalsats pr. heilårselev.
Tilskotsregel nr. 4:
Skular som kan godkjennast etter lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring, bortsett frå skular som er knytte til verksemder, og vidaregåande skular som har til føremål å vera eit fagleg-pedagogisk alternativ til desse skulane:
a) 85 pst. av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekka av staten.
Tilskotet vert rekna ut frå ein normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skulen leggjast til grunn.
b) Skulane kan etter søknad få statstilskot til teknisk og maskinelt utstyr.
Tilskotsregel nr. 5:
Skular knytte til verksemder. Skulane får statstilskot ut frå ein normalsats pr. klasse som vert fastsett av Stortinget.
Tilskotsregel nr. 6:
Vidaregåande skular som har til føremål å gje yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skular (statlege, fylkeskommunale og kommunale).
75 pst. av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotgrunnlaget, vert dekka ved statstilskot. Tilskotet vert rekna ut på grunnlag av godkjent budsjett og rekneskap. Der det er føremålstenleg kan tilskotet reknast etter ein normalsats pr. heilårselev. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst tilsvarar eit halvt skuleår. Departementet kan gje nærare reglar.
Tilskotsregel nr. 7:
Grunnskular i Noreg.
Skulane får tilskot av staten med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen. Tilskotet vert rekna ut pågrunnlag av ein normalsats pr. elev, særskilt for barnesteget og ungdomssteget. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Ved utrekninga av normalsatsen, skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege grunnskulen til dei typer utgifter som går inn i tilskotsgrunnlaget, leggjast til grunn.
Tilskotsregel nr. 8:
Norske grunnskular i utlandet.
Skulane får statstilskot med 85 pst. av vanlege driftsutgifter til all godkjend undervisning som går inn under lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Departementet fastset ein timesats særskilt for barnesteget og ungdomssteget.
Skulane får statstilskot med 85 pst. til skyss og innlosjering.
Departementet gjev føresegner om utrekning av skyssfråstand og utgiftsgrunnlag for skyss og innlosjering.
Tilskotsregel nr. 9:
Vidaregåande skular i utlandet.
Godkjende skular som gjev vidaregåande opplæring for norske born/ungdomar i utlandet får statstilskot med 85 pst. av ein normalsats pr. elev.
Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skulen leggjast til grunn.
Tilskotsregel nr. 10:
Til norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller i utlandet, kan det ytast tilskot etter denne lov til kompletterande undervisning. Til norske statsborgarar som er elevar ved utenlandske eller internasjonale vidaregåande skular i Noreg eller i utlandet, kan det ytast tilskot til delvis dekning av skulepengar. Departementet gjev nærare reglar.
Tilskotsregel nr. 11:
Arbeidsgjevardelen av pensjonsinnskot for undervisningspersonale i private grunnskular vert betalt av departementet direkte til Statens Pensjonskasse. For private vidaregåande skular som er godkjende i medhald av lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring, eller som er skipa som eit fagleg/pedagogisk alternativ til slike skular, vert arbeidsgjevardelen betalt på same måte som for personalet i den offentlege vidaregåande skulen.
§ 27. Elevane og dei offentlege tilskota, skulepengar.
Alle offentlege driftstilskot skal koma elevane til gode.
Skular som tek imot offentlege tilskot som fullt ut dekkjer driftsutgiftene, kan ikkje krevja inn skulepengar.
Skular som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer alle driftsutgifter, kan krevja inn skulepengar. Styret fastset storleiken på skulepengane. Skulepengane må ikkje setjast høgare enn det som trengst for saman med statstilskotet å dekkje driftsutgifter som svarar til utgiftsnivået ved tilsvarande offentleg skule som det er naturleg å samanlikne med. Dersom styret fastset høgare skulepengar, trengst godkjenning av departementet.
§ 28. Budsjett og rekneskap.
Skulane må leggja fram budsjett og rekneskap etter reglar fastsette av departementet.
§ 29. Tilsyn.
Skulane står under tilsyn av statens utdanningskontor, for grunnskulens vedkomande dessutan av kommunen. Kongen avgjer kven som skal ha tilsyn med norske skular i utlandet.
§ 30. Definisjonar m.m.
Med uttrykket «driftsutgifter som gjev rett til tilskot» (jf. § 26) meiner ein det same som for dei offentlege skulane, slik dette til kvar tid er fastsett av Stortinget.
For tilskot til andre utgifter enn dei driftsutgiftene som gjev rett til tilskot, fastset departementet nærare vilkår.
§ 31. Føresegner.
Vedkomande departement kan gje nærare reglar og/eller føresegner om gjennomføringa av denne lova.
§ 32. Teiingsplikt.
Reglane om teiingsplikt i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 13-13 e gjeld ved handsaming av saker etter denne lova.
§ 33. lverksetting av lova. Endringar i andre lover.
1) Denne lova vert sett iverk frå den tid Kongen fastset.
2) Frå same tid --- --- ---.