1981-06-12 #64

Lov om tilskott til livssynssamfunn

Jfr. lov av 13.juni 1969 nr 25

§ 1. Livssynssamfunn som ikkje krenkjer rett og sømd, kan krevje årleg tilskot frå rikskassen.

Tilskota skal nyttast til føremål som går inn under verksemda som livssynssamfunn.

§ 2. Tilskotet skal vere så stort at det etter måten svarer om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja og skal reknast ut etter kor mange som høyrer til samfunnet.

§ 3. Alle livssynssamfunn som får rikstilskot, kan kvart år krevje tilsvarande tilskot frå kummunar det det bur nokon som høyrer til livssynssamfunnet. Dette tilskotet vert rekna ut med grunnlag i dei budsjetterte utlegga kommunen har til Den norske kyrkja.

Kommunal avgjerd om tilskot kan livssynssamfunnet klage over til departementet.

§ 4. Offentlege utlegg som gjeld alle, skal ikkje takast med når tilskotet vert utrekna etter §§ 2, 3.

Departementet kan gje nærare føresegner om utrekning og oppgjer.

For mottekne skal det sendast inn rekneskap.

§ 5. Tilskot kan berre krevjast for medlemmer som er norske riksborgarar eller som har bustad i riket, og som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja, eller eit anna samfunn som får tilskot etter lova her eller etter lov av 13.juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna.

Departementet kan gje føresegner om kor mange medlemmer eit samfunn må ha for å få tilskot, om føring av lister over medlemskap, og om attest frå advokat/revisor.

§ 6. Kongen avgjer om eit samfunn fyller vilkåra for tilskot.

§ 6. Lova tar til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

§ 7. Frå den tid lova tek til å gjelde, vert gjort slik bridge i lov 13.juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna: --- --- ---.


Denne lovteksten har blitt skannet inn av jonny.birkelund@stv.uio.no og korrekturlest av Tage Stabell-Kulø (tage@cs.uit.no).

Denne lovteksten er gjort tilgjengelig på dugnadsbasis og vi tar intet ansvar for mulige feil. Dersom du trenger garantier om feilfrihet og oppdateringer kan Lovdata anbefales.